Endring av skuledagen tysdag 9.februar. |
||
|
Tysdag 9. februar avsluttar alle elevar på Søre Neset skule skuledagen kl. 13.00. For elevar som har SFO – plass, vil SFO opna kl. 13.00. Til heimen
Informasjon om nasjonal rettleiing og forkorta skuledag.
Søre Neset skule er i skuleåret 2009 – 2010 med i eit prøveprosjekt om nasjonal rettleiing. Prosjektet er i regi av Utdanningsdirektoratet og er eit pilotprosjekt for å hjelpa skular til å vidareutvikla læringsmiljøet.
Søre Neset skule har gjennom hausten, med støtte frå nasjonal rettleiingsgruppe, arbeidd med temaet klasseleiing. Samtidig utviklar skulen ny sosial læreplan.
Tysdag 9. februar blir det kompetanseheving for heile personale frå kl. 13.15 – 15.15.
Frå Lillegården kompetansesenter kjem Hanne Jahnsensom vil leggja fram rapport om alternative opplæringstilbod(ASIS) i skulen.
Tysdag 9. februar avsluttar alle elevar på Søre Neset skule skuledagen kl. 13.00. For elevar som har SFO – plass, vil SFO opna kl. 13.00.
Søre Neset skule, 27.01.10
Øystein Holmaas
Rektor
|
||